HØGT FRITT SUNT

 

Hovland gard ligg 180 meter høgt og fritt over Sognefjorden i vakre Vik kommune. Her lever folk og dyr i lag slik dei alltid har gjort. Første bonde vi kjenner til på Hovland var ein Lasse som budde her for 450 år sidan, men mykje tyder på at det har vore busetnad på garden heilt tilbake til slutten av folkevandringstida, for ca 1 400 år sidan.

Som på andre norske gardar endrar drifta på Hovland seg i takt med samfunnsutviklinga. Vi har jobb utanom garden,, sauene våre er ein liten flokk som beiter gras på inn- og utmark og gardsdrifta er ikkje hovudinntektskjelda vår. 

Sauene våre er av rasen Spelsau, bortsett frå Villma som er villsau. Dei har som hovudoppgåve å hjelpa oss med å halda kulturland-skapet ope. Dei likar gras, men også kvist og kvast, og dei trivast best ute sommar som vinter. 

Mat har alltid vore viktig for folket på Hovland, og er det i dag også. Vi vil ha god og sunn mat som er økologisk, og vi vil produsere mest mogleg av den sjølv. Kvart år har vi noko lammekjøtt til salgs.  

Hovland er eit flott utgangspunkt for fotturar i Vik kommune. Sommar og haust bugnar skogen over Hovland av villbringebær,blåbær og tyttebær -mykje meir enn kva vi sjølv treng, så her er du velkommen på bærtur!  
Les meir om Hovland gard under dei ulike emneknaggane.